For å kome til startpunktet tek du av frå fv 61, Vanylvsvegen, opp på gamlevegen, om lag midt mellom Koparnes og Eidså, ca 2 km frå Eidså sentrum. Du kan køyre opp Sandnesdalen til enden av vegen. Dette er bomveg, om kostar 50 kr for ein tur. Det er gratis parkering ved enden av vegen, men må då blir turen omlag 2.5 km lengre kvar veg. For dei som vil ha kortare rute, så er også det mogleg å starte frå Løvollhaugen.

Saman med kjentmann Håkon Sandnes inviterer ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven innbyggarar og tilreisande med på tur til Kleivakvila.

Frå turparkeringa på Sandnessætra går ein i slak stigning på grusveg fram til turmålet, som både er Stikk UT!-turmål og har ny og flott gapahuk! Her er det bålpanne, så om nokon vil ha med seg grillmat, så kan denne nyttast. Det er ca 30 minutt gange frå Sandnessætra.

Vanylven kommune
12:30
03.09.2023


Google Map of 62.131460228146814,5.602150272216799