Parkering ved Langevåg IL stadion

Ordføraren vil i år invitere til familietur med aktivitetar rundt Vassetvatnet søndag 3 september i samband med Friluftslivet si veke og StikkUT -festival.
Turen er open for alle, men i år vil vi spesielt invitere alle 1.klassingar og deira familie med på Ordføraren sin tur for å vise fram vår flotte kortreiste natur og inspirere til nærturar og aktivitetar på Sula.

Rundt løypa vil ein finne mange spanande aktivitetar og til å hjelpe oss med det har vi fått med oss Sula Jeger- og Fisk, Langevåg Diskgolf, Sunnmøre Friluftsråd, Langevåg IL, Sula bibliotek med litteraTURquiz, Langevåg Røde kors og Fiskerstrand KFUK/KFUM-speidarar. Register gjerne Stikk UT-posten når de går runden!
Det blir bli servert drikke og noko å bite i når ein kjem til kiosken etter endt tur, her vi det også bli premiering etter ulike konkurransar rundt løypa.

Ordførar, kreftkoordinator og folkehelsekoordinator ønsker velkomen med på tur!

Mer informasjon/påmelding
Sula kommune
11:00
03.09.2023
Renate Love
95751510
renate.love@sula.kommune.no
Google Map of 62.4336195,6.2015569