Arrangementet i år vert ved gapahuken på Fet i Svortlandsmarkjo, søndag 5. september. Arrangementet varer frå kl. 12. til 15. Det vert start ved Svortland skule mellom kl. 12 og 13.

Kom deg ut- dagen er Noregs nasjonale turdag, som blir arrangert av Den Norske Turistforening i februar og september over heile landet. Arrangementet i år vert ved gapahuken på Fet i Svortlandsmarkjo, søndag 5. september.

Barnas Turlag inviterer til ein opplevelsesdag ute i naturen.

Arrangementet varer frå kl. 12. til 15. Det vert start ved Svortland skule mellom kl. 12 og 13.
Informasjon om Kom deg ut- dagen ligg også på Barnas Turlag Bømlo si Facebook- side.

Kom deg ut- dagen er gratis og open for alle. Det vert turtipp på vegen inn til gapahuken og me fyrer i bålpannene. Ta med eigen mat/drikke og kle deg etter vêret.

Me i Barnas turlag håpar at mange vil nytte høvet til å vere med på ein kjekk turdag, med aktivitetar og kjekt fellesskap for både vaksne og born.

Mer informasjon/påmelding
Bømlo kommune
12:00
05.09.2021


turlaget@haugnett.no
Google Map of 59.79074257608524,5.190000345729873