Bli med på strandrydding og holmehopping på vakre Grip utanfor Kristiansund. Hovudfokuset på samlinga vil vere å drive med strandrydding og overnattinga forgår i telt (det vil truleg vere mogleg å overnatte inne på ein “sovesal” inne på Gripkroa for nokon få). Ta kontakt om du ikkje har tilgang på overnattingsutstyr og treng hjelp til å finne noko å låne. Vi får leige Gripkroa og kan bruke den til toalettfasilitetar og som opphaldsområde om ønska. Sidan Grip er ei veldig vêrhard øy so vil det bli lagt ein plan B om det er for mykje vind eller anna vêr.
OBS: Sidan vi må organisere båtskyss for å kome seg til og frå øya so vil det ikkje vere mogleg å delta på deler av samlinga, med mindre man kjem seg ut på øya på ein annan måte.
Foreløpig plan for helga:
Fredag 8. september:
Ettermiddag/kveld – oppmøte i Kristiansund for båt ut til Grip
Kveld – guida tur på øya og deretter middag og mingling
Laurdag 9. september:
Morgon – frukost
Før lunsj – strandrydding på Grip og holmane rundt
ca. kl. 12 – lunsj
Etter lunsj – strandrydding på Grip og holmane rundt
Kveld – middag og mingling
Søndag 10. september:
Morgon – frukost
Før lunsj – strandrydding på Grip og holmane rundt
ca. kl. 12 – lunsj
Etter lunsj – heimreise
Om du har spørsmål til samlinga ta kontakt med Ovidie Mari Lynge (e-post: ovidie@runde.no; tlf: 40623432) eller Patrick Gule (e-post: patrick@friluftsraad.no; tlf: 97141386).
Mer informasjon/påmelding