Turen startar på Dalshaugane som ligg langs FV545 mellom Rydland og Fitjar sentrum.

Bli med ordføraren på tur onsdag 6. september kl. 18.00. Turen går frå Dalshaugane til Tveitaslottet og tilbake.
Turen vert lagt opp som ei lokalhistorisk vandring der me skal få høyra om kommunane som ville byggja ut lokale elvar, ei dødsulukke under skogsarbeid i Sølio i 1927 og den store skogbrannen i Melen påskeafta 1974. Kjetil Rydland med fleire vert med som forteljarar.

Velkommen til ein triveleg og lærerik kveldstur!

Fitjar kommune
18:00
06.09.2023
Harald Rydland
91347802
harald.rydland@fitjar.kommune.no
Google Map of 59.880331475661976,5.347097953569833